Forside > Om Bruken Av Cookies På Våre Sider
Om bruken av cookies på våre sider

På websidene til fagbokforlaget.no, vigmostadbjorke.no, eideforlag.no og okonomiforlaget.no brukar me cookies (informasjonskapslar) til tre ulike formål.

1: Google Analytics

For å kunna tilpassa sidene våre best mogleg til brukargruppa er det viktig for oss, som dei fleste andre som har nettsider, å vita litt om bruksmønsteret til dei som besøker sidene. Til å hjelpa oss med det har me valt å bruka verktøyet Google Analytics. Dette verktøyet legg att fem cookies i nettlesaren til den som besøker websida.

__utma
Fortel om du har vore på sida vår før, og eventuelt kor mange gonger. Den veit deriomot ingen ting om KVEN du er - berre at du/maskinen din har vore her før. Ikkje ein gang for returnerande kundar i nettbutikken vår vert denne informasjonen kopla eller tatt vare på.

__utmb og __utmc
Dette er sesjonskapslar som vert brukt til å laga statistikk på kor lenge eit besøk på sidene varer. «Sesjonskapsel» betyr at informasjonen vert sletta så snart du forlet sida.

__utmz
Fortel om kvar du kom frå før du besøkte våre sider. For eksempel kan denne informasjonskapselen avsløra om du har brukt ein søkemotor for å finna oss.

2: AddThis

__atuvc
Dette er ein informasjonskapsel som vert sett av tredjepartsverktøyet AddThis. Me nyttar AddThis på detaljsidene til bøkene våre, for at du enkelt skal kunna dela informasjon (t.d. "like" på Facebook). Informasjonskapselen vert sletta fortløpande, og må vera der for at tal-symbolet på kor mange likes osv. skal bli korrekt.

3: «Handlekorg» i nettbutikken

hk_id
Dette er ein såkalla sesjons-cookie som legg att ein unik ID for handlekorga di. Dette vert gjort for at du
1) Skal kunna bla rundt på sidene og finna fleire varer utan å måtta gå til kassen umiddelbart. Du vil også kunna forlata sida og komma tilbake seinare, så sant du ikkje har lukka ned nettlesaren i mellomtida.
2) Skal kunna legga varer i handlekorga utan å måtta registrera deg som kunde/logga inn på førehand

Denne informasjonskapselen vert sletta så snart du har fullført handelen, eller så snart du lukkar ned nettlesaren din.

Opprettet: 29.07.2013 14:45, endret: 29.07.2013 15:30